Ein mann er innlagt på sjukehus etter å ha fått juling heime hos seg sjølv i Volda, melder politiet litt før klokka 14.30, laurdag.

- Mannen, som er i 40-åra, klaga over smertar i brystet og ryggen, men skal tilsynelatande ha lettare skader, seier operasjonsleiar Borge Amdam til smp.no.

Operasjonsleiaren fortel vidare at hendinga har skjedd i leligheita der mannen bur, natt til laurdag eller tidleg laurdag morgon.

- Men utover mannen som har blitt banka og han som er mistenkt for å ha slått, er det så langt vi kjenner til ingen vitne.

- Veit de korleis valden har skjedd?

- Ikke så langt. Vi har avhøyrt han som skal ha slått, men berre snakka kort med fornærma. Dei to har ulik forklaring, seier Amdam.

- Har han som er mistenkt site i arrest?

- Nei.

Ifølgje politiet høyrer begge dei involverte til eit belasta rusmiljø.