– Eg fekk ein førespurnad frå nokre tyskarar som ville på studietur for å så på tunnelbygginga. Eg måtte fortelje dei at ein ikkje har kome i gang enno, og at dei difor bør vente litt, seier Randi Paulsen Humborstad, prosjektleiar i Nordfjord Vekst.

Stort behov

Ho meiner dette berre beviser at det vil bli stort behov for eit hotell i Selje når bygginga av Stad skipstunnel kjem i gang.

Det hotellet ein hadde i Selje vart totalskadd i ein brann i november i fjor.

Humborstad seier at i tillegg til at skipstunnelen vil trekke til seg mange fagfolk og delegasjonar frå fjern og nær, så vil tunnelbygginga lokke til seg mykje turistar.

Også når tunnelen står ferdig trur ho det vil kome mange for å sjå nærare på korleis verdas første skipstunnel fungerer.

Med i NTP: 2,7 milliardar til verdas første skipstunnel

Terje Andressen, som er prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, ser også behovet for eit hotell nær tunnelen.

– Vi er ikkje avhengige av eit hotell. Men det vil absolutt vere behov for eit hotell, seier han.

Det kjem nok mykje folk

Andreassen fortel at straks det vart kjend at tunnelen skulle byggast, vart han kontakta av leverandørar av varer og tenester som vil presentere seg sjølv og sine tilbod.

– Interessa for dette prosjektet er så stor at det kjem nok mykje folk hit i åra framover, trur han.

– Kanskje vil det også bli arrangert konferansar her i samband med tunnelen, seier han.

Mellom anna er hotellinvestorar blitt kontakta. Ein av dei er Erik Berg i Molde, som eig hotellkjeda Classic Norway:

– Vi vart kontakta både då Selje Hotell i si tid var til sals, og no. Men det var ikkje aktuelt for oss då å ta over hotellet, og det er ikkje aktuelt for oss no å byggje noko nytt hotell i Selje.

Har planar

Berg legg til at Classic Norway har planar i Sogn og Fjordane som kan bli avklart i løpet av inneverande år. Men dette er ikkje i Selje, røper han.

I tillegg til hotell, skal prosjektet innehalde mellom anna kultursal og leilegheiter.

Randi Paulsen Humborstad er prosjektleiar i Nordfjord Vekst. Foto: Knut Arne Aarset