Tidlegare aksjonær og styremedlem Roger Gjerde i Jets Vacuum fortel i ei ny bok om strid i selskapet, som han meiner framleis skapar problem for han i forretningslivet.

Boka «Når ukultur får råde» er forfatta av frilansjournalist Heidi Sporstøl, og stiller mellom anna spørsmål ved om hareidsbedrifta kan ha tapt millionar med kroner på verksemd i fleire selskap.

Gjerde er også kritisk til korleis Jets-styret, dåverande leiing og fleire aksjonærar tok tak i innspela frå han og andre aksjonærar.

Vil reinvaske seg

Forretningsmannen Roger Gjerde frå Sande er dagleg leiar i selskapet John Gjerde, og hadde tidlegare ein eigardel på dryge fire prosent i Jets.

Han fortel at behovet for å reinvaske seg er bakgrunnen for at han tok kontakt med Sporstøl om å skrive boka.

– Eg tenkte eg var ferdig med dette då er selde meg ut av selskapet for to år sidan, men fann ut at eg ikkje var det. At eg har hatt kontroversar med selskapet er greitt, men at eg framleis skal få problem med dette, har eg vanskeleg for å godta, seier han til Sunnmørsposten, og fortel at han opplever vanskar med agentar som har tilknyting til Jets.

Politietterforsking

Striden som i første rekkje gjaldt eigarforholdet i Jets Korea i Sør-Korea, førte til at politiet opna etterforsking og sikta dåverande dagleg leiar, medan styreleiaren fekk status som mistenkt.

Sentralt stod spørsmålet om kvifor dagleg leiar var oppført som eigar av aksjeposten i det sørkoreanske selskapet – og ikkje Jets.

Samstundes går det fram at Jets gjennom fleire år ikkje hadde fått rekneskap frå selskapet, der dei eigde 49 prosent av aksjane.

Våren 2014 la politiet vekk saka som forelda, men etter klage på avgjerda frå fleire av dei involverte – blei den vurdert på nytt. Resultatet då blei at saka blei lagt vekk med påteikninga «intet straffbart forhold anses bevist» frå riksadvokaten.

– Fråteken truverd

Ved hjelp av mellom anna styredokument, e-postar, notat og lydopptak frå ulike møte skildrar forfattaren korleis striden gjekk frå styrerommet og ut i lokalmiljøet.

Gjerde meiner historia skildrar ein ukultur i forretningsmiljøet som førte til at han blei mobba for å ha peika på det han meinte var urett.

– Hovudproblemet for Roger er at han kjenner seg fråteken truverd etter å ha reist desse spørsmåla, seier Heidi Sporstøl til Sunnmørsposten.

Kjenner seg ikkje att

Jets Vacuum har ikkje fått sjå innhaldet i boka før den blei gitt ut. Noverande styreleiar Anders Almestad har kome med følgjande uttale til Sunnmørsposten i samband med saka:

«Det er i nokre media framsett til dels alvorlege skuldingar mot Jets AS, morselskapet i Jets-konsernet, frå ein tidlegare aksjonær i selskapet. Politi, revisor og selskapets eigne organ, ved generalforsamling, styre og administrasjon har vore kjende med skuldingane over lang tid. Selskapet kjenner seg ikkje att i framstillinga, men har teke skuldingane på fullt alvor utan at det er funne grunnlag for å gå vidare.»

Generalforsamlinga avviste i 2014 eit krav om ei intern gransking av eigarforhold i konsernet, og Almestad vil ikkje svare på om det er gjort etterpå.