Vi har spurt kva dei synest om nye Øyra skule som dei for første gong tok i bruk onsdag.

Gelé er derimot ikkje kvardagskost ved Volda-skulen, men fordi dei skulle feire at dei hadde fått ny skule.

I går flytta 1-. 2-. 6-. og 7-klassingane inn i den nye skulen, eitt og eit halvt år etter byggjestart. I dag flyttar dei tre andre klassetrinna etter. Då har alle dei 340 elevane fordelt på 14 klassar kome på plass i nyskulen. Det same har 60 tilsette.

– Den nye skulen kontra den gamle? Det er som natt og dag, seier rektor Steinar Velle.

Amfi

– No får vi mykje betre plass, betre arbeidstilhøve og betre luft. Vi får grupperom, arbeidsrom og møterom–og eit stort amfi med plass til over 400 personar, ramsar rektoren opp.

Dei får totalt 7.400 kvadratmeter å boltre seg på. Kultur-skulen skal også inn, mellom anna med sju øvingsrom.

– Alle klassar har si eiga inngangsdør og si eiga garderobe. Og det er berre lov til å gå med innesko, seier rektoren, og beordrar journalisten til å ta av seg skoa før rundturen startar.

Han viser oss materialrom, naturfagrom, kvilerom, stort og lite amfi, bibliotek og kantine – for å nemne noko.

Og vi møter på den eine klassen etter den andre, anten dragande på pappkasser eller posar, eller dei er på omvising for å prøve å gjere seg kjend i korridorar og trappar.

Mellom anna møter vi på 7A. Kva synest dei om nyskulen?

– Fint, med masse fargar. Kjempedeilige og geniale stolar. Betre luft. Betre musikkrom og amfi. Kantine. Stort uteområde. Kul ringeklokke, kjem det spontant frå ungdomane.

Frå 1977

Rektoren fortel at det er ikkje nokon gamal skule dei forlèt. Han er faktisk berre frå 1977. Men tida hadde gått ifrå han.

– Den eine delen, den vi kallar paviljongen, skal ribbast innvendig og gjerast om til formingsavdeling og kontor for helsesøster og logoped. Resten av gamleskulen skal rivast, og tomta blir til uteområde.

Paviljongen skal stå klar til bruk til skulestart komande haust. Rivinga av resten skal vere ferdig i oktober.

Skuleprosjektet kom på 255 millionar. Skylstad Arkitektur har teikna skulen, og han er bygd av Veidekke Entreprenør.