Det opplyser Statens vegvesen.

- I Møre og Romsdal har fylkeskommunen bevilga 78 millioner kroner til asfaltering av fylkesvegar, seier leiar for asfaltseksjonen i Statens vegvesen, Thor Asbjørn Lunaas, i ei pressemelding.

Dei startar å legge asfalt i mai, og avsluttar sesongen i september.

Thor Asbjørn Lunaas. Foto: Statens vegvesen

- Sjølv om vi asfalterer ca. 260 km vegar i år, vil ikkje alle vegar som har t.d. djupe spor få nytt dekke, seier Lunaas vidare.

Levetida for asfalt på trafikkerte vegar er seks til åtte år, og 15-20 år på vegar med lite trafikk. I heile Møre og Romsdal er det til sammen ca. 540 km riksveg og ca. 3.000 km fylkesveg.

Dette er Vegvesenet sin oversikt for Møre og Romsdal: