I staden skal dei satse på ei nettavis, og eit månadsmagasin i papir.

Det skriv redaktør og dagleg leiar Hugo Antonsen i eiga avis onsdag – som blir den siste papiravisa.

Regionavisa er no inne i sitt 17. år, har sju tilsette – og kontorstad i Ulsteinvik.

Avisa har hatt eit opplag på 21.000, og er blitt trykt hos Polaris Trykk Ålesund AS.

Redaktør Hugo Antonsen skriv at nettavisa blir lansert 23. mars. Målet er å bli den beste nettavisa i regionen.

Vidare skal dei altså gje ut eit gratis magasin ein gong i månaden. Dette kjem første gong ut 5. april.