Administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune ville flytte Språkrådet frå Oslo til Volda. Det ville gitt 36 nye statlege arbeidsplassar til Sunnmøre.

Men tidlegare styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad sa nei og planane er no lagt bort.

- Dette har ikkje noko med at eg er imot nye arbeidsplassar til Volda, og eg er prinsipielt for å flytte ut statlege arbeidsplassar generelt. Det er reint faglege årsaker til at eg vil behalde Språkrådet i Oslo, seier Ottar Grepstad til Sunnmørsposten.

Regjeringa har som vedlegg til Stortingsmelding 18 lagt fram ein plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar. Under overskrifta "vidare arbeid med utlokalisering" nemner planen Språkrådet som ein organisasjon som er planlagt å flytte ut av Oslo.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik i Møre og Romsdal skriv i eit framlegg til fylkesutvalet at Volda har eit sterkt fagmiljø på språk, og burde ha gode muligheiter for å vere verstskap for Språkrådet (som i dag har 34 arbeidsplassar).

- Vi har sett i gang eit arbeid for dette, men på grunn av lite støtte lokalt, særleg frå Nynorsk kultursentrum, vil dette ikkje bli følgt opp av fylkeskommunen, skriv Guttelvik i framlegget.

Ga privat råd

Dette reagerer direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum kraftig på.

- Nynorsk kultursentrum har ikkje sagt eitt ord i denne saka. Eg, som privatperson har uttalt meg. Og det har eg presisert for dei, og bedt dei rette straks. Med den kunnskapen eg har om Språkrådet rår eg fra å flytte organisasjonen ut av Oslo. Dette har eg gitt faglege grunnar for, både til fylket, Venstre og i ein kronikk tidlegare denne veka.

Grepstad var styreleiar i Språkrådet i perioden 2010-2015 og peikar på at det er politisk strid om Språkrådet.

- Viss ein legg Språkrådet til Volda, ja sjølv til Bergen, blir det svekka. Språkrådet er statens fagorgan for forvaltning av nynorsk, bokmål, teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk, og det forvaltar ein kompetanse som kan måle seg med det andre land har å by på. Språkrådet har - og skal ha - fleire medarbeidarar med doktorgrads-kompetanse. Språkrådet skal ha ei systematisk og brei kontaktflate med alle delar av samfunnet. Alt dette gjer at Språkrådet treng sterke, breie og dynamiske fag- og samfunnsmiljø. Ingen høgskulestad er i nærleiken av å kunne tilby dette.

Grepstad er klar på at problemstillinga ikkje har noko med Volda å gjere.

- Dette er mi faglege vurdering som privatperson, seier han.

Det vert likevel jobba vidare med å flytte ordbokarbeidet i Språkrådet til Volda. Den funksjonen vil i så fall kunne gje om lag ti arbeidsplassar, skriv fylkesrådmannen i framlegget til fylkesutvalet.

Fylkesutvalet har møte 3. april.