Det opplyser politiet på Twitter.

Hendinga skjedde i ein privatbustad i Sande kommune.

– Det er rolig på staden no, opplyser politiet til smp.no klokka 18.14.

Bråk mellom to menn

Ved 18.30-tida melder operasjonssentralen at det har vore uro mellom to menn.

Den eine av dei er meldt for kroppskrenking og frakta vekk frå staden. Han har fått beskjed om å halde seg unna den fornærma.

Den fornærma får hjelp av ambulansepersonell etter eit kutt i ansiktet.

Mannen er ikkje alvorleg skadd, ifølgje politiet.