Torstein Holsvik er dagleg leiar i Frøy Vest, eit rederi som har spesialisert seg på servicefartøy for oppdrettsnæringa. Men det byrja med dykking for gründeren frå Ørsta, som i fjor var gasellevinnar i Sogn og Fjordane, sidan selskapet har hovudkontor i Måløy.

– Det byrja med at eg melde meg inn i dykkarklubben i Ørsta. Det var ein hard skule, fortalde Torstein Holsvik.

Lurt på talarstolen

I 2002 etablerte han Møre Dykkerservice , med base i garasjen heime i Hovdebygda. Etter vekst i år etter år, og ein fusjon med to andre dykkarselskap, hadde rederiet i fjor ein omsetnad på 200 millionar kroner.

Denne suksesshistoria hadde gründeren Holsvik absolutt ingen planar om å fortelje på Næringskonferansen Søre Sunnmøre. Men så har det seg slik at broren Einar Holsvik sit i arrangementskomiteen. Einar Holsvik spurde Torstein om han ville delta på konferansen, og tilbaud billett. Han sa ingenting om at deltakinga eigentleg innebar å halde føredrag.

– Då eg forstod at eg hadde blitt lurt, prøvde eg å trekkje meg, men fekk beskjed om at det var for seint å protestere, sidan programmet var sendt ut, fortel Torstein Holsvik.

Dramatisk forlis

Dermed fekk ein fullsett kinosal i Ørsta kulturhus mellom anna høyre den dramatiske historia om då Torstein Holsvik og ein kollega havarerte ved Stad - ein vinterdag i 2004.

– Bølgene braut. Det såg stygt ut, og han andre hoppa over bord. Så kantra båten, og er var innesperra i rorhuset. Eg klarte å slå ut eit vindu, og kom meg ut, og langt der oppe såg eg overflata. Då eg kom meg opp sa han andre: «No var det bra du kom, for eg trudde ikkje at eg skulle liggje her åleine.»

Nekta «gjenopptining»

Ein lokal kar med ein liten open båt var førstemann på ulykkesstaden. Etter kvart kom dei til Larsnes, der eit ambulansehelikopter venta.

– Dei ville frakte oss til Trondheim for noko dei kalla gjenopptining, men eg forklarte at eg ikkje hadde tid. For eg skulle på jobb dagen etter, fortalde Torstein Holsvik.

Laksespa

Gründerånda og ståpåviljen har gitt resultat. Verkeleg fart i butikken vart det då Møre Dykkarservice, seinare Frøy Vest, satsa på avlusing, og båtar med «laksespa». Det vil seie tankar med temperert vatn som tar livet av lusa. I dag har rederiet 17 spesialbåtar.

– Og det blir meir vekst framover, lovar Torstein Holsvik.

Einar (t.v.) og Torstein Holsvik er begge suksessrike næringslivsleiarar. Einar Holsvik er dagleg leiar i Norhus, som vann Sparebanken sin næringspris i år. Torstein Holsvik var gasellevinnar i Sogn og Fjordane i fjor. Foto: Svein Aam