Kommentar:

For dei fleste er dette ei vennleg, men ikkje altfor mykje brukt, helsing. Vennleg omtanke og omsorg sånn i forbifarten.

I munnen på KrF-leiar Knut Arild Hareide får derimot helsinga fleire botnar. Då er det blodig alvor. Om eit parti kan ha hjarte og blodomløp, så er familiepolitikken noko av det som strøymer nærast hjartet til Kristeleg Folkeparti.

Det handlar om identitet. Det handlar om kjerneverdiar. Det handlar om politisk merkevare. Det er gjennom familiepolitikken KrF står fram som eit folkeparti på sitt beste, og ikkje «berre» kristeleg.

«Er alt vel der heima?». Nei, ikkje for alle. Slett ikkje for alle.

Tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet fortel at 100.000 barn i Norge veks opp i fattigdom. Det er eitt av ti barn, det – eller to-tre av klassekameratane til ditt barn.

Vi snakkar heldigvis ikkje om ekstrem fattigdom, men det kan likevel gjere vondt. Barn som ikkje kan delta i samfunnet på lik line med andre barn på grunn av økonomi, kan bli ståande utanfor fellesskapet. Barn som ikkje kan halde bursdagsselskap eller som ikkje har råd til å vere med på klasseturen eller å reise på sommarferie fordi det kostar for mykje. Barn som ikkje får vere med.

Utanfor landsmøtehotellet til KrF strittar spede påskeliljer trassig gult mot ein treig trøndersk vår, like gjenstridige som ein av partiet sin kjæraste babyar, kontantstøtta. I snart 20 år har den på mirakuløst vis trossa den politiske tyngdekrafta.

Inne i hotellvarmen har landsmøtet med velsigning frå kontantstøtta si mor, tidlegare familieminister Solveig Sollie (78) vedteke at dei vil utvide perioden for kontantstøtte kopla med språkopplæring for innvandrarforeldre.

Barnetrygda vil partiet kople med skatt. Tanken er at det skal styrke den mot angrep frå slike som Høgre sin programkomite, som ville byte den bort i gratis barnehage, men som måtte gi tapt mot eit knirkande angrep frå Kåre Willoch (88).

Ved å løfte barnetrygda kraftig – med kanskje så mykje som 6–7 milliardar, men samtidig legge inntektsskatt på den, vil dei som treng den mest kunne få meir – mens dei som tener godt må betale.

«Er alt vel der heima?»

Klart det er det dersom barnetrygda kan syltast ned og stå som over 300.000 blanke eigenkapital-kroner når poden susar forbi studenthybel-køen og rett inn i sin første eittroms.

Likevel smerter det mange at deira parti skal vere det som slipar skattekniven mot barnetrygda. Kva er det neste? Skatt på kontantstøtta?

Kva med valkampen? Skatt på barnetrygd? Ordførar Harry Valderhaug i Giske sa frå talarstolen at han kvir seg til å kome heim og fortelje dette. Ikkje alle deler avtroppande nestleiar Dagrun Eriksen sitt syn på at dette er ein gåvepakke.

Og sjølvsagt har dei rett. Rett i at det er lettare å gå i valkamp som den som gir enn den som tar. Bodskapen om skatt på barnetrygd kan vere dårleg merkevarebygging for eit parti som skal vere familiepartiet med den største F-en som er å få.

Og dei som seier at skattlegginga er ein variant av behovsprøving, har også litt rett. Skilnaden er at KrF kan stemple barnetrygda som universell, men at det skal gjere den meir motstandsdyktig mot angrep, står ikkje til truande.

Den blir verande like sårbar, og skulle skattlegging – eller behovsprøving, av kontantstøtta kome på tale, kan lufta sive ut også av den ballongen.

Sjølvsagt er det viktig å vinne val, og på kort sikt er det alltid lettast for dei som sel dei lettaste løysingane. For eit verdiparti kan det likevel vere klokt å velje annleis, og våge å prioritere dei som treng det mest. Og er ein i tvil om kven det er, så kan partileiaren si helsing i forbifarten til ein kjenning vere eit greitt kontrollspørsmål:

«Er alt vel der heima?»