Det er NRK Sogn og Fjordane som melder dette.

Ifølgje NRK stadfesta Gulating lagmannsrett dommen mot ein mann i 20-åra. Han vart dømd i Fjordane tingrett til fengsel i seks månader og 75.000 kroner i erstatning for seksuell omgang med ei mindreårig jente på Nordfjordeid.

Av dei fire tiltalte vart to frifunne i Fjordane tingrett, og anka frå påtalemakta vart forkasta i april. Tredjemann, som fekk samfunnsstraff, anka sin dom frå tingretten. Han er no frifunne i lagmannsretten.

Ifølgje NRK er frifinningane no rettskraftige. Overgrepssaka skjedde under Malakoff-festivalen på Nordfjordeid for to år sidan.