Høgskulen i Volda får 1000 kvadratmeter solceller på taket:

Her kjem eit av dei største solcelleanlegga i fylket

570 solceller som kan produsere 100.000 kilowattimar med straum per år, vert no monterte på taket av Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda.

Taket på Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda vert dekt av solcellepanel slik ein ser på denne visualiseringa.   Foto: Høgskulen i Volda

Nyheter

– Eg veit at det er eit av dei største solcelleanlegga i Møre og Romsdal. Eg trur det er det største, seier driftsleiar i Statsbygg, Frank Lande, til hivolda.no.

Lande fortel til hivolda.no at all straumen som vert produsert skal nyttast i Berte Kanutte-huset, og at det nye anlegget vil dekkje opp mot ti prosent av energiforbruket i huset.

Ønskt av departementet

Ifølgje driftsleiaren har det vore eit sterkt ønske frå Kommunal- og moderniseringsdepartemenet om å få til slike anlegg som no er i ferd med å kome på plass ved Høgskulen i Volda.

– Statsbygg er opptekne av grøne avtalar og fornybar energi. Vi har store flater på bygga våre rundt om i landet, og vil på denne måten utnytte det. Berte Kanutte-huset blir eit av dei første bygga som Statsbygg eig med solcellepanel på taket, seier Lande.

(Saka held fram under bildet)

Driftsleiar i Statsbygg, Frank Lande, fortel at Berte Kanutte-huset blir eit av dei første av Satsbygg sine bygg med solcellepanel på taket.   Foto: Høgskulen i Volda


Kraftig økning i produksjon av solenergi fra norske hjem

Det har vært en voldsom økning i bruken av solcellepaneler på norske hjem. I 2016 ble det installert solcellepaneler som kan produsere 3 millioner kilowattimer.

 

Straumskjerm

Ved hovudinngangen til Berte Kanutte-huset vil det verte sett opp ein skjerm som skal visualisere straumproduksjonen frå solcellepanelet til ei kvar tid.

Utbygginga av solcellepanelet vil koste 2,5 millionar kroner. Statsbygg tek brorparten av rekninga, medan Høgskulen i Volda går inn med ein liten sum. Det er Tussa Installasjon som leverer solcelleanlegget.


Ser sollyset i tunnelen:

Hareid-bedrift trur solcellepanel blir allemannseige

Hareid Group satsar på solcellepanel. Frå årsskiftet kjem nye reglar som gjer det lettare for privatpersonar å «sjå lyset» i solenergien.

 

Erna vil ha fleire til å sjå sollyset

Hareid-bedrift satsar på solcelleenergi og får støtte frå statsministeren om enklare reglar for å nytte solceller på større bygg. Det kan vere ein viktig marknad i framtida, trur Hareid Group.