Etter at det blei kjent at ektefellen til verksemdsleiaren for Bingsa fekk ei kontrakt med kommunen, bad Sunnmørsposten om innsyn i alle fakturaer.

Det viste seg at leiaren sjølv hadde betalt ut pengar til ektefellen sitt firma, Frozt Solutions.

Sunnmørsposten fann ut at fila Ålesund kommune hadde laga med fakturaer var klargjort fredag 28. april ved 15-tida. Innsynskravet vart sendt om lag fem timar før same dag.

I formannskapet tysdag 2. mai, like over klokka 14, informerte rådmann Astrid Eidsvik politikarane om at dei hadde funne ut at leiaren hadde betalt ut pengane til ektefellen, og at dette var brot på reglane. Dette var ei personalsak, opplyste Eidsvik.

ALT OM BINGSA-SKANDALEN

Skal utleverast utan ugrunna opphald

Klokka 14.06 sende kommunen ut ei pressemelding og klokka 14.07 sende kommunen over fakturaene til Sunnmørsposten.

Avisa bad om ei forklaring på kvifor dokumentasjonen ikkje var sendt over før.

– Eg ser av tidspunkta at dette er seint på dag fredag før langhelg. Det er godt muleg at den gjeldande personen allereie hadde tatt helg. Måndag var det 1. mai. Tysdag var det formannskapsmøte og det hadde vore feil om vi skulle informere vårt styre etter pressa i denne saka. Vi informerte formannskapet og pressa samstundes, svarte kommunikasjonssjef Anne Bente Skjellum.

Ifølgje lova skal innsynskrav behandlast utan ugrunna opphald, noko som betyr at det etterspurde skal sendast over når det er klart.

Nektar innsyn i løn

Sunnmørsposten har også ei pågåande klagesak mot Ålesund kommune fordi kommunen har nekta avisa innsyn i kven som har hatt ulovleg overtid i Bingsa.

Kommunen meiner at opplysningane går på «nokon sitt personlege forhold» og derfor lovbestemt teieplikt.

Fylkesmannen behandlar saka.

* Etter denne saka vart publisert har Fylkesmannen gitt Sunnmørsposten fullt medhald, og oppheva avslaget frå Ålesund kommune.

Klagar inn Kontrollutvalet

Avisa Nytt i Uka har klaga inn kontrollutvalet etter møtet deira fredag 5. mai. Redaktør Øyvind Johan Heggstad reagerer på at møtet var lukka.

– Pressa har bidrege til å avsløre kritikkverdige og mulege kriminelle forhold knytt til dei tilsette ved verksemda og Ålesund kommune, skriv Heggstad.

Han vil ha ein kontroll av lovlegheita av å lukke møtet.

– Pressa fekk ikkje noko utvida grunngjeving utover at dette dreidde seg om «personlege forhold», påpeikar han.

Møtet vart lukka i medhald av kommunelova §31 nr. 2, meiner Kontrollutvalet. Paragrafen dreier seg om at møte skal lukkast når det ligg føre teieplikt etter lova.

ALT OM BINGSA-SKANDALEN

Ny klagesak

Sunnmørsposten har bede om å få utlevert sakspapira til Kontrollutvalet. Her har vi også fått avslag på grunn av «personlege forhold», ifølgje forvaltningslova §13. Kontrollutvalet meiner dei har teieplikt i alle dokument.

Sunnmørsposten har bede om meirinnsyn.