Tom Anker Skrede (41) tar over som reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, melder selskapet i ei pressemelding. I mars vart det kjend at noverande sjef Geir Steinar Vik har fått jobben som ny AaFK-direktør.

Skrede kjem frå stillinga som marknadssjef i same selskap, ei stilling han har hatt sidan januar 2013.

– I Tom Anker Skrede får vi ein dyktig leiar som kjenner reiselivet godt, og vi er svært tilfreds med tilsettinga av ny reiselivssjef, seier Bjarne Rekkedal, styreleiar i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

Skrede er utdanna diplommarknadsførar med spesialisering innan marknadsføring, internasjonalisering og leiing frå Norges Markedshøyskole (NMH).

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er eit fellesorgan for marknadsføring av Ålesund og Sunnmøre som reisemål i Norge og i utlandet. Kommunane som er del av dette samarbeidet er Ålesund, Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Ørskog og Ørsta.