Det seier Kjell Arne Aurstad, styreleiar i entreprenørfirmaet KA Aurstad AS i Ørsta. Dei har hatt mykje å gjere med ny E6 i Gudbrandsdalen dei siste åra. Men no er denne vegen ferdig, og dei er på jakt etter nytt arbeid.

Ifølge Frank Sve (Frp), samferdslepolitikar i Møre og Romsdal, bør ny veg gjennom Hornindal prioriterast.

Blokkert

– Vi har allereie eit vedtak i fylkestinget, fremma av meg, som seier at Møre og Romsdal kan forskottere fylkesveg 60. Men problemet er at hittil har dette blitt blokkert av Sogn og Fjordane, seier Sve.

– Difor er det ikkje ein dag for tidleg at Hornindal går over til Møre og Romsdal. Stryn og dei andre kommunane i Nordfjord bør følgje etter. For det blir ikkje lett å vinne fram i samferdslesaker når Sogn og Fjordane går saman med Hordaland, trur Sve.

– Så ny veg gjennom Hornindal vil bli prioritert høgt i Møre og Romsdal?

– Ja, kjempehøgt. Eg køyrde der for berre nokre dagar sidan, så eg veit korleis vegen er. Eg trur ikkje det er dårlegare fylkesvegar andre stader i Møre og Romsdal. Det er kanskje nokre vegar på Smøla og nord i Rindal som er like ille, legg han til. Sve seier at første bod no er å få på plass planlegging og prosjektering, slik at dette er klart.

Møte

7. juni skal samferdsleutvalet i Møre og Romsdal ha møte. Leiaren i utvalet, Kristin Sørheim (Sp) seier at fylkesveg 60 si framtid vil bli teke opp i det møtet.

– Vi er innstilte på å få gjort noko med denne vegen, men vi har samtidig mange andre, store oppgåver. Vi har nemleg mange dårlege vegar i fylket. Og ikkje minst har vi press på oss for å få gjort noko med fleire tunnelar og bruer. Og her er det korte fristar, seier Sørheim.

– Har du sjølv køyrd vegen gjennom Hornindal?

– Ja, det har eg. Så eg veit godt at den er dårleg, men eg veit ikkje når vi får gjort noko med vegen. Frank Sve frå Frp meiner vegen igjen bør bli staten sitt ansvar:

– Vi har bede staten ta tilbake denne vegen, og eg reknar med at han etter kvart blir riksveg igjen, seier Sve.

VEGBYGGING: KA Aurstad AS og fleire andre entreprenørar har utstyret og mannskapet som skal til for å bygge ny veg gjennom Hornindal. ARKIVFOTO Foto: frode kleiveland