Naudetatane rykka onsdag ut til ein brann i ein einebustad i Måløy sentrum.

– Naudetatane er på staden, og brannvesenet har kontroll over brannen. So langt er det ikkje meld om personskade, melder politiet i Sogn og Fjordane på Twitter klokka 13.34.

Innsatsleiar Roger Gundersen seier til NRK Sogn og Fjordane at det berre var ein person som var til stades då det tok til å brenne.

– Ho kom seg raskt ut, seier Gundersen til NRK.

Brannen starta i hovudetasjen, og ein kjenner enno ikkje årsaka.

– Vi driv med ettersløkking, seier operatør Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til smp.no. Dei fekk melding like over klokka 13.30.

Aune seier at han ikkje veit kvifor det byrja å brenne, og kan ikkje spekulere i kor vidt bustaden er totalskadd.

Ifølgje Fjordenes Tidende var det naboar som melde fra om brannen. Politiet startar etterforsking i kveld.