(Vikebladet.no) - Vi må berre beklage. Det er ikkje kjekt verken for dei reisande eller for oss i leiinga at vedlikehaldsperioden på "Ullensvang" har blitt så lang, kommenterer Inge André Utåker, regionssjef ferje i Norled.

Veit ikkje kor lenge ferja blir ute av drift

"Ullensvang" har vore ute av drift i vel to veker på grunn av vedlikehaldsarbeid ved Vegsund Slipp. Utåker opplyser at hovudmotoren har blitt skrudd ifrå kvarandre, deler er bytta ut og motoren er deretter sett saman igjen.

Rett før helga var vedlikehaldsarbeidet ferdig, og søndag sette  "Ullensvang" kursen mot Hareid igjen.

- Men rett utanfor Fiskerstrand Verft oppstod det ein alvorleg situasjon. Eg går ut frå at det er ein svikt med hovudmotoren, seier Utåker.

Så no er "Ullensvang" komen tilbake til Vegsund, og kor lengt opphaldet blir denne gongen kan regionssjefen i Norled førebels ikkje svare på.

Ikkje fleire ferjer å setje inn

Sambandet Hareid-Sulesund har tre ferjer. Utåker opplyser at dei har ikkje andre ferjer å setje inn, så det blir "Tidefjord" og "Høgsfjord" som trafikkerer sambandet åleine framleis.

- Vi har opplevd ein god del ampre personar. Spesielt onsdag i førre veke då utfarta var ekstra stor og trafikklysa på Hareid ferjekai svikta, fortel Utåker.

Mange attståande bilar

Då var situasjonen såpass ille at politiet måtte bistå med dirigering ein periode om ettermiddagen.

- Men vi gjekk ein ekstratur for å få med alle bilane, legg han til.

Men det er ikkje berre onsdag i førre veke bilar ikkje har kome med ferjene. Særleg om ettermiddagane må bilar stå over. Utåker har førebels ikkje nøyaktige tal på attståande bilar. Statikken for mai skal vere klar innan 15. juni.

Denne saka ble først publisert på Vikebladet.no.