– Vi skal vere forsiktige, så vi unngår å hamne i Robek igjen, seier Hareid-ordførar Anders Riise (H):

Hareid og Sykkylven har begge vore 14 år i Robek. Det er Kommune-Norge si svarteliste, og er ei forkorting for «Register over kommuner underlagt betinget statleg kontroll og godkjenning».

Det vil i praksis seie at Fylkesmannen held ei hand på rattet og ein fot på bremsen, og at kommunen må ha godkjenning før dei kan investere.

Ingen andre kommunar i Møre og Romsdal har vore lenger tid i Robek enn nettopp Hareid og Sykkylven.

Både Anders Riise og kollega Odd Jostein Drotninghaug (Sp) i Sykkylven avviser at problema skuldast at dei hamna i luksusfellen.

– For vår del skuldast det aller mest for dårleg styring over tid, seier Riise.

– At Sykkylven kom i trøbbel hadde si årsak i at vi over fleire år hadde for store utgifter og for små inntekter. Difor vart underskotet berre større og større, legg Drotninghaug til.

– Korleis har det påverka kommunen at de har vore i Robek?

– I Hareid har det mellom ført til at vi ikkje har hatt moglegheit til å delta med vår del i samarbeidsprosjekt med andre. Døme på dette er samferdselsprosjekt, seier Riise.

I Hareid har dei også sett på at naboane har satsa stort, med kulturhus/konserthus og badeanlegg både i Herøy og Ulstein. Noko slikt kan dei berre drøyme om i Hareid.

I Sykkylven har det også vore smalhans:

– I det siste har vi har ikkje fått lov til å investere i anna enn ny brannstasjon, forklarer Drotninghaug.

Men i sommar er truleg begge kommunane ute av Robek. Blir det då sjampanje og høg sigarføring? Slett ikkje, svarar begge ordførarane.

Ny skule

– I Sykkylven har vi ny sentrumsskule som førsteprioritet. Deretter skal vi bruke litt på kommunale vegar, både på asfalt og ei generell opprusting.

– Her i Hareid er det nytt helsehus som står øvst på prioriteringslista. Det vi har no er både for lite og for gamalt. Dessutan har vi planar om å investere i bustader for ungdom med særskilde behov, legg Riise til.

I tillegg til å vere ordførar er han også styreleiar i Kommunenes Sentralforbund (KS) i Møre og Romsdal.

– Er det flaut å vere ordførar i ein Robek-kommune?

– Nei, ikkje flaut, men krevjande. Samtidig har det skapt ei bevisstgjering hos oss, både politikarar, administrasjon og andre kommunalt tilsette, om å ta grep for å kome oss ut av dette. Det har vore snakk om ein dugnad, seier Anders Riise.

– Hadde kommunen kome seg ut av Robek i år utan innføring av eigedomsskatt?

– Nei, ikkje så lenge det ikkje var fleirtal for å gjere noko med skulestrukturen, svarer Riise.

Eigedomsskatt vart også innført i Sykkylven:

– Elles hadde vi ikkje vore ute av Robek i år, er Drotninghaug einig i. I ei oversikt i Kommunal Rapport står det at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane prosentvis har hatt flest kommunar i Robek frå 2001 til 2016.

Høgare gjeld

Rigmor Brøste, assisterande fylkesmann i Møre og Romsdal, seier til avisa at Robek-kommunane generelt har hatt høgare gjeldsgrad enn landsgjennomsnittet. Dermed har meir av driftsinntektene gått med til å betale renter og avdrag.

– Myten er at dei kan ha investert i ein del som ikkje er nødvendig. Men når ein ser på kva dei har investert i, så er ikkje det tilfelle. Dei har berre hatt mindre eigenkapital, seier Brøste til Kommunal Rapport.

I tillegg til Hareid og Sykkylven er det venta at også Ørskog, Sandøy og Rauma er ute av Robek i løpet av sommaren.

LISTE: Odd Jostein Drotninghaug har ei lang liste over tiltak som har stått på vent i Sykkylven dei siste åra. Foto: Staale Wattø