Det er nokre av tiltaka Sjøfartsdirektoratet gjer framlegg om for å redusere utslepp til luft og sjø frå skipstrafikken i fjordar med stor cruisetrafikk.

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap seier i ei uttale at dei støttar desse konkrete framlegga, og kallar det ein milepæl for forvaltinga av verdsarvfjordane.

Verdsarvrådet etterlyser også eit forvaltingsorgan med full oversikt og mynde til å setje i verk tiltak ut frå eit heilskapsperspektiv.

– Vi må stå samla for å oppnå ei klar forbetring av forvaltinga av verdsarvfjordane, uttalar leiar Hans Erik Ringkjøb og nestleiar Jan Ove Tryggestad i Verdsarvrådet.