– Eg veit sanneleg ikkje kven som eig dei. Trusene berre hang der ein dag, seier ein lattermild Hallvard Omenås til Sunnmørsposten.

Tatt av vinden

Førre onsdag var det kraftig austavind oppe i dalen. Ja, det var nummeret før storm, seier Omenås.

Han trur difor det var denne vinden som slengde trusene opp i treet, slik at dei vart hengande der.

Men kvar kom dei frå?

Omenås seier at forklaringa kan vere så enkel som at trusene har hengt til tørk på ei klessnor ein eller annan stad i nærleiken, og så blitt ført med vinden opp i treet i hyttegrenda.

Det skriv Storfjordnytt, som først omtalte trusemysteriet i jordbærbygda, og då omtalte det som ein «truseinvasjon på Omenås».

Ettersøking

Sidan trusefunnet for ei veke sidan har Hallvard Omenås drive si eiga ettersøking etter eigaren av trusene, men så langt utan hell:

– Eg har spurt folk i nabolaget, men det er visst ingen av dei som er truselause, seier han til Sunnmørsposten.

Det nytta heller ikkje at han etterlyste eigaren gjennom lokalavisa.

Ingen har så langt meldt seg. Alle fortel at dei har truser på.

– Det kan ikkje vere nokon som berre vil tulle litt med deg, og difor har dandert trea med truser?

– I så fall er det ein god spøk, ler Omenås.

Björn Borg

– Kva truser snakkar vi om?

– Dei er i ulike fargar, både svarte, rosa og grøne. Og eg ser at det står både «Björn Borg» og «Pierre Robert» på dei. Storleiken varierer, frå small til large, fortel Hallvard Omenås.

Turist-truser?

Han ser ikkje bort ifrå at det kan vere turistar på gjennomreise, som ikkje abonnerer på lokalavisa, som har mista trusene sine.

Så var du på ferie i Valldal i førre veke, og kom heim utan truse – så har altså Hallvard Omenås i Omenås Hyttegrend teke vare på undertøyet ditt.