Kommuneoverlegen sende ei uromelding om ein vikar for ein lege på ein sjukeheim på søre Sunnmøre.

Legen var leigd inn frå eit vikarbyrå.

Sjukepleiarane hadde mista tillit til legen si faglege kompetanse, og legen som tok over etter vikarperioden fann to alvorlege feilmedisineringar av blodfortynnande medisinar.

Helsetilsynet avslørte så at sju pasientar hadde fått uforsvarleg medisinering. I ein rapport kjem det fram at legen mangla kunnskap i vesentlege delar innanfor allmennmedisinske kjerneområde.

– Legen viste til utdanning i utlandet, kort tid som lege i Norge utan turnusteneste, og manglande hjelp av kollegaer som bakgrunn for at det hadde svikta, skriv Helsetilsynet.

Dei har avgrensa autorisasjonen slik at legen ikkje kan drive sjølvstendig som lege. Statens helsetilsyn skal godkjenne alle jobbar legen tek på seg i framtida.