Til møtet i kontrollutvalet tysdag har advokat Kjetil Kvammen gått gjennom fleire saker som er blitt stempla som B-saker i Vanylven.

– Vi har teke opp dette før også, utan at noko er blitt endra. No håpar eg politikarar og administrasjon tek signala. Eg reknar med vi vil vedta ei oppmoding til kommunestyret om å gripe fatt i dette, seier kontrollutvalsleiar Knut Aksel Thunem før møtet.

Tungtvegande interesser

Kvammen har kontrollert korleis kommunelova og kommunale retningslinjer for lukking av møte blir praktisert.

– Lukking av møte i Vanylven er blitt så omfattande, at det er på høg tid at dette no snur, meiner Thunem.

Giske: – Barnevernssak lukka ulovleg

Blant anna er fleire møte blitt lukka av omsyn til tungtvegande offentlege interesser, slik kommunelova § 3, nr. 5 opnar for. Under «Eventuelt» i eit møte kom mogleg sal av tidlegare industrianlegg opp som sak. I møtereferatet går det fram at Fiskå Mølle, eigar av Kleven sitt tidlegare industrianlegg på Rovde, kan vere interessert i å selje anlegget.

– Det er uklart kva som fører til at saka har tungtvegande offentlege interesser. At eit tidlegare industrianlegg kan kome for sal, er vanlegvis noko eigaren ønskjer kunngjort, kommenterer Kvammen.

Håpar på endra praksis

Thunem har fått fleire tilbakemeldingar frå publikum som stussar over at enkeltsaker er blitt lukka.

– Spesielt etter saker om sal av kommunale bygg. Og no ser vi at det ikkje har vore grunnlag for å lukke møta, seier han og viser til advokaten sin gjennomgang.

Fakta

Ifølgje Thunem er Vanylven den kommunen på søre Sunnmøre med flest såkalla B-saker, og dette meiner han bør vere eit varsku om å endre praksis.

– No håpar og trur eg at kommunestyret tek fatt i dette og gir instruks om at vi må få ein meir restriktiv politikk på å stenge møte, seier han. I saksutgreiinga frå Vest kontroll- utval blir det peika på at det kan gå ut over omdøme og tillit både til folkevalde organ og administrasjon, om lover og reglar ikkje blir følgde.

Ordførar avviser kritikken

Ordførar Lena Landsverk Sande (V) hadde ikkje lese advokat Kvammen si utgreiing då Sunnmørsposten tok kontakt måndag. Ho avviser kritikken om manglande openheit, men seier ein må ta signala på alvor.

– Eg er oppteken av openheit og at saker skal haldast opne. Vi har ein del B-saker, ja, men det er saker som vi er nøydde til å lukke, meiner ho og legg til at det ikkje er noko mål å ha færrast mogleg B-saker.

Ho avviser at det er ukultur i Vanylven. Og ho oppmodar leiar i kontrollutvalet til å reagere straks når han er usamd.

– Han er stort sett på alle møte, også i dei lukka sakene. Han har ikkje talerett, men vi har god dialog og han kan seie frå om han er ueinig, seier ho.

Når det gjeld saka om det tidlegare industrianlegget, seier ordføraren at årsaka til at møtet var lukka var at det var ein interessent inne.

– Det spesielle var at han sjølv gjekk ut offentleg og sa han var interessert, og då forsvann også vår grunngiving for å lukke møtet, seier Sande.

Open: Ordførar Lena Landsverk Sande (V) er oppteken av openheit i kommunen. Ho understrekar at politikarane diskuterer nøye om det er nødvendig å lukke møtet, før det blir gjort. Arkivfoto : svein aam Foto: Svein Aam