Ein mista førarkortet i fartskontroll

Ein bilførar køyrde i 125 km/t og mista førarkortet i ein fartskontroll i Haram onsdag kveld.
Nyheter

I ein fartskontroll på Slyngstad Haram delte politiet ut 13 forenkla førelegg. Ein bilførar køyrde mista førarkortet. Politiet målte farten til 125 km/t i 80-sone.

Det blei også delt ut to førelegg for feil lysbruk.

I ein kontroll i Brusdalen fekk ein bilførar i midten av 30-åra ilagt gebyr for å køyre med eit dekk som ikkje heldt minstekravet for mønster.

I ein kontroll på Lerstad melder politiet om 20 kontrollerte, men det var ingen reaksjonar.

På politiloggen er det også meldt om høg musikk frå eit køyretøy i Hjartåbygda i Volda, men politiet si patrulje melder om at det var roleg då dei var på staden.