Søre Sunnmøre tingrett trudde ikkje på mannen si forklaring om at han hadde bestilt felgrens frå utlandet. Sendinga kom i posten, men blei stoppa av Tollvesenet som avslørte at innhaldet var ulovleg.
Mannen i slutten av 20-åra erkjende i retten at at hadde vore aktlaust, men hevda han aldri hadde høyrt om GBL før.
Innførsel av narkotika
I dommen går det også fram at han fylte ut ein deklarasjon der han stadfesta at han ikkje skulle bruke stoffet til ulovleg dop.
I tillegg til innførsel av narkotika er mannen dømd for promillekøyring, køyring utan førarkort, samt bruk og oppbevaring av narkotika.
Må betale 37.000 i bot
Tingretten har dømt mannen til 70 dagar fengsel. 20 av dagane er på vilkår, med to år prøvetid.
For promillekøyringa må mannen betale 37.000 kroner i bot. Han må dessutan betale 2.000 kroner i sakskostnader.
Han mister også førarkortet i to år.