(Møre-Nytt) Barnevernsleiar Brynhild Solvang har varsla at ho gå av med pensjon. Men ho har framleis mykje på hjartet. Helgelendingen, som har blitt volding, var i 2014 den første leiaren for det interkommunale barnevernet i kommunane Ørsta, Volda, Hareid og Ulstein.

– No har vi etablert ein solid organisasjon, vi har gjort det vi kunne for å effektivisere og rasjonalisere ressursane, så no kjenner eg at jobben min er gjort, og at andre kan føre det vidare.

– Har samanslåinga vore vellukka?

–Det vil eg seie. Eg tvilar på at det er nokon veg tilbake, utviklinga tilseier ikkje det.

Det er vel 30 tilsette i den lovpålagde barnevernstenesta i Ørsta, Volda, Hareid og Ulstein – no også inkludert Hornindal. Dessutan er det rundt 30 tilsette i tiltaka for einslege mindreårige flyktningar i Volda og Ørsta. Eit stort fagmiljø gir eit betre tilbod, og er betre for dei tilsette, meiner Brynhild Solvang.

–Noko av hovudargumentet for samanslåing var at tenestene var små og sårbare i nokre av kommunane. Dei tilsette måtte jobbe med folk i nabolaget og til og med i eiga familie. Det slepp vi heilt no. Og vi har fått eit betre tilbod. Vi har mellom anna oppretta det vi kallar eit familieteam, som jobbar førebyggande. Her har vi ulike terapeutar, som jobbar med endring i familiar. Det ser vi effekt av. Vi har unngått mange omsorgsovertakingar fordi vi har desse fagfolka i vår eiga teneste.

Men biletet er ikkje roseraudt. Det interkommunale barnevernet har fått kritikk av dei kommunale kontrollutvala for mangelfull oppfølging av borna som er under omsorg.

–Er kritikken på sin plass?

–Ja det er den, men noko av det går tilbake i tid, så vi må først og fremst konsentrere oss om situasjonen som er no. Forvaltingsrevisjonen som var i fjor gjekk tilbake til 2014 då samanslåingsprosessen byrja. Men vi har kome mykje lenger no, vi er meir à jour og har større oversikt.

Nett-sjokk

Det norske barnevernet vart i fjor internasjonalt berømt og berykta, etter demonstrasjonar i fleire land. Akkurat Det har Brynhild Solvang eit avslappa forhold til.

–Barnesynet er ulikt frå land til land. Vi veit at vi har noko av det beste vernet av born i verda. Det er vi stolte av, og det vil vi kjempe for, slår ho fast.

Men det er fleire som skaper støy rundt barnevernet. Og det er som regel på nettet det skjer. Sjølv merka Brynhild Solvang klimaskiftet då ho kom tilbake til det kommunale barnevernet, etter å ha arbeidd nokre år på Høgskulen og Møreforsking i Volda.

–Då det gjekk opp for meg kva som gjekk føre seg på sosiale medium, når det gjeld barnevern, så vart eg ganske sjokkert. Eg prøvde å dysse ned og bagatellisere det, men ser etter kvart at det ikkje kan bagatelliserast. Eg trur vi ser starten på ei utvikling der dette må regulerast på ein eller annan måte.

Ho søkjer opp ei av dei barnevernskritiske sidene på nettet, og viser eit av innlegga. Der er bilete av ein advokat som jobbar for barnevernet i Ørsta, Volda, Ulstein og Hareid, saman med tre andre «barnevernsadvokatar». «One down- 3 to go», ein ligg nede- vi har tre igjen, står det under biletet av advokatane.

Kjenner seg trua

Den underliggande trusselen er ikkje til å misforstå. Også lokalt barnevernstilsette har følt seg trua etter innlegg på nettet. Nyleg bad Volda kommune om politietterforsking, etter oppmoding frå Brynhild Solvang.

Det er nok ei spesiell type menneske som står bak netthetsen, trur barnevernsleiaren.

–Er det ofte personar som er partar i barnevernssaker?

–Ja, det er det. Dei er opprørte og fortvilte på grunn av si eiga skjebne, men så forstår dei kanskje ikkje systemet og spelereglane, korleis rettssystemet er bygd opp. For det er ikkje det kommunale barnevernet som bestemmer om det skal vere omsorgsovertaking. Det gjer domstolane, og det er viktig å hugse på.

–Men dersom nokon har opplevd det dei meiner er eit maktovergrep, må dei vel kunne gi uttrykk for det?

–Problemet er at det går over alle grenser, og at dei går på person, altså oss som jobbar i barnevernet. Sjikane og alt dette må vi kanskje berre leve med og tole, men vi har ordre om at det som går på truslar skal meldast til politiet.

–Så barnevernstilsette må venne seg til å bli sjikanerte på Facebook?

–Det ser sånn ut. Vi er i ein læringsprosess for å tole den nye verkelegheita.

–Kva synest du om det?

–Det bekymra, for det gjer at det å jobbe i barnevernet får endå ein belastande dimensjon. Den viktigaste ressursen vi har i barnevernet er menneska som jobbar her. Og det er det viktig å vareta dei, seier Brynhild Solvang.

– Den som jobbar i barnevernet opplever å stå ansikt til ansikt med born i situasjonar som folk flest ikkje kan forstille seg. Den kjenslemessige belastninga i det daglege arbeidet, er kjempetøff. Vi har sikra personalet vårt med debrifingsrutinar, med vegleiing og så vidare, men kor stor trykk skal dei klare? Eg må seie, frå min posisjon, at eg er uroa for framtida. For kven skal vareta dei som er sette til å beskytte dei mest utsette?, spør barnevernsleiaren.

Etter eige utsegn har ho blitt «ei gallam dame». Så frå årsskiftet pensjonerer ho seg.

– Men eg har mykje eg skal rekke å gjere i jobben før det, seier ho.

Denne saka vart først publisert hos Møre-Nytt.