(Møre-Nytt) Grunnstøyringa skjedde i natt, opplyser Elias Lianes, som eig tresnekka. Han driv Nipehyttene og hadde leigd ut båten til utanlandske fisketuristar.

– Dei var på veg inn att i natt då dei kom for nært land. Det var flod då det skjedde, seier Lianes.

Når floda kjem tilbake i ettermiddag kjem Lianes til å gjere eit forsøk på å få båten på rett kjøl att.

Denne saka vart først publiser på Møre-Nytt.