(Vikebladet.no): – Målet vårt er å samle inn ein euro eller ti kroner per kilometer til nyekyrkja i Ulsteinvik, fortel Christfried Kaul.  Han er i dag kyrkjeverje i Ulstein, men er fødd i byen Zwickau i tidlegare Aust-Tyskland.

Og med ei reiserute på 2300 kilometer kan det gje 23 tusen kroner til den planlagde kyrkja.

Gamle venar

Både Kaul og Robert og Georg Stemmler er fødde i Zwickau.  Dei vart kjende med kvarandre gjennom KFUM/KFUK og kyrkja sitt ungdomsarbeid i åra 1995-99, då Kaul hadde sin første jobb som KFUM-sekretær i byen.

Det bur rundt 100.000 menneske i Zwickau og det var her Trabantfabrikken låg.

– Ja, då er det faktisk slik at både bilen og vi tre kameratane er fødde i byen, ler Christfried Kaul.

(Saka fortsetter under bildet)

Mekanikarar

Brørne Stemmler er mekanikarar og held no på å gjere i stand den tretti år gamle bilen Kaul har kjøpt.

– Eg trur bilen kjem til å klare den lange turen til Ulsteinvik, seier Kaul.  Robert og Georg Stemmler startar turen 26. august, medan Kaul skal vere med frå Oslo.  Målet er å kome fram til Ulsteinvik laurdag 2. september.  Då er det Ulsteinmessa, med mange ustilte bilar.

På Facebooksida Trabi goes to Ulsteinvikskriv dei tre følgjande om bilen:  Trabant 601 er nasjonalbilen for DDR. Den blei ikonisk ved murens fall der titusenvis av Austtyskarane kjørte sin første tur til Vesttyskland med den. Det seiast at bilen kan både høyrast og luktast lenge før den er synleg. Produsert blei den i byen Zwickau i den folkeeigde bedriften «Sachsenring» . I tida før 2. verdskrig har både Horch og Audi hatt sitt opphav i denne bedriften. Modellen vi bygger opp igjen er ein stasjonsvogn frå 1985 med ein luftkjølt 2-takts- motor med svimlande 26 hestar under plastikkpanseret. Bilen sto fleire år i ei løe og skal altså få eit nytt liv i Ulsteinvik i Noreg.

(Saka fortsetter under bildet)

Optimist

Køyreturen føyer seg i rekkja av påfunn for å samle inn pengar til ei ny kyrkje i Ulsteinvik. Tidlegare i sommar fekk kjolerullinga ikkje berre lokal, men også nasjonal merksemd, då statsminister Erna Solberg donerte ein kjole til kjoleauksjonen.   Kjolerullinga gav 60.000 kroner til kyrkja.

Christfried Kaul trur også Trabant-turen vil gje pengar til kyrkja.

– Vi har allereie fått inn rundt 6.000 kroner, så dette lovar godt, seier han.

Og når Trabanten er komen til Ulsteinvik, vil Kaul bruke den til inntekt for nyekyrkja.

– Ja, kanskje den kan leigast ut til brudepar, til dømes, seier han.

Denne saka blei først publisert på vikebladet.no