Høgre går ned frå to til eitt stortingsmandat i Møre og Romsdal på den siste meiningsmålinga. Tala viser at Høgre hadde fått 16,5 prosent oppslutning, noko som er eit dramatisk fall på 9,7 prosentpoeng frå Stortingsvalet i 2013.

Orten aleine frå Høgre

Det tydar at debuterande kandidat for Høgre, Marianne Synnes, førsteamanuensis ved NTNU i Ålesund, er ute av Stortinget.

Berre førstekandidat Helge Orten frå Midsund er inne.

– Målsetninga vår er å gjere det minst like bra som ved førre val, seier Orten.

Samstundes påpeikar han at Infact sine målingar konsekvent visar lågare tal for Høgre enn andre målingar.

– Eg har for kort tid sidan sett langt betre meiningsmålingar for oss enn dette, fortel han.

– Mest opptatt av å seie «nei»

– Vi vinn på tydeleg motstand mot sentraliserande reformer frå regjeringa, seier Geir Lien (Sp).

Senterpartiet to representantar inne, i motsetnad til Høgre.

Helge Orten meiner retorikken til Sp er overforenkla og gir eit fullstendig feilaktig bilete.

– Dei er meir opptatt av kva dei skal seie nei til, enn å kome med eigne forslag, meiner han.

Likevel medgir Orten at motstandaren har scora poeng på sentraliseringsmotstand. Til dei som vurderar Sp som eit attraktivt protestparti seier han følgande:

– Kvifor sjå bakover og reversere viktige reformer som gir betre tenester for innbyggarane?

Er lufta på veg ut av Senterparti-ballongen?

Sp gjorde det særs skarpt med 21,2 prosent, på ei måling frå Infact i April. Det kan sjå ut til at lufta har byrja å sige ut av ballongen sidan då. Like fullt er resultatet frå siste måling knallsterkt, samanlikna med valet i 2013.

Lien erklærer seg klar for å ta opp kampen mot dei andre kandidatane som ligg på vippen. Han ønsker at partiet skal regjere saman med Ap.

– Eg har det bra som ordførar i Vestnes, så det handlar ikkje om meg, men om kva for kurs landet vårt skal ha.

Han framsnakkar Sps fiskeripolitikk. Det er ein fanesak for partiet, at det må bli lettare for uetablerte, gjerne unge, fiskarar å skaffe seg kvotar. Når det gjeld nøyaktig korleis kvotesystemet skal regulerast, er partiprogrammet likevel lite konkret.

Store skilnader innanfor fylket

Høgre bikkar over 20-talet både i Romsdal og Ålesund. Tilsvarande gjer Sp det svakt i disse to regionane. Og der Sp står sterkt, og det gjeld heile Møre med unntak av Ålesund, er Høgre svekka. Også Høgres regjeringskollega Frp går ned. Nytt i samband med stortingsval er Nordmørslista, som kan stele velgarar frå alle dei andre partia.

Arbeidarpartiet gjer det langt kvassare på Sunnmøre og Nordmøre enn i Romsdal, og aller best i Ålesund, der partiet ligg på overlegne 30 prosent. Aukinga totalt, er likevel beskjeden til eit regjeringsssvoltent opposisjonsparti å vere.

Sjølv om Sp ikkje lenger har den enorme oppslutninga partiet såg i april, er andrekandidat Geir Lien i angrepsposisjon. Foto: smp.no arkiv