På Lote står tidleg måndag kveld fleire hundre bilar i ein ferjekø som strekkjer seg heilt opp i bakkane mot Lotetunnellen.

Også på Sandane-sida er det kø så langt ein kan sjå frå nordsida av fjorden.

Det er etter alt å døme flomsituasjonen i Nordfjord – med vegstenging på fylkesveg 60 i Utvik – som skaper kødanninga i ferjesambandet. Fylkesvegen blir truleg stengd i ei vekes tid på grunn av flaumen.

Matrosene Jørgen Christensen t.v. og Tor Henry Challen skulle ha gått av skift for fleire timar sidan – men måtte måndag kveld stille opp for å ta unna bilkøane.

Frå Anda er ventetida rundt to timar. Frå Lote er ventetida 30-60 minutt, opplyser Statens vegvesen tidleg måndag kveld.

Ekstraferje frå tysdag

Klokka 21.25 opplyser Vegvesenet at det blir fem ekstraavgangar i natt. Sjå rutetider her.

I 22-tida er det klart at Fjord1 også vil setje inn ei ekstra ferje, MF Sognefjord.

Det går til vanleg éi ferje i sambandet, MF Årdal, som kan ta 92 personbilar. MF Sognefjord kan ta 90 personbilar.

– Midt på dagen i morgon, tysdag, får vi sett inn ei ekstra ferje i sambandet Anda-Lote. Endeleg tidspunkt og oppdatert rutetabell vil vere klar i morgon føremiddag. opplyser Statens vegvesen.

Går kontinuerleg

– Ferja går no kontinuerleg – utanom alle rutetider – straks vi får stua ho full, fortel Challen måndag kveld.

Han kan vidare opplyse om at bilkøen på sørsida av fjorden strekkjer seg frå fjorden og godt opp forbi Sandane lufthamn.

På kaia på Lote vert det spøkt litt med om det er gruppa Vamp sin hagekonsert ved Gloppen Hotell måndag kveld som har korka ferjetrafikken.

– Det tvilar eg vel litt på! Men Malakoff skapte jo ein del køtilstandar her i går, analyserer matros Tor Henry Challen.

På Lote står fleire hundre bilar i ei ferjekø som strekkjer seg heilt opp i bakkane mot Lotetunnellen. Foto: Knut Arne Aarset