Rektor ved Høgskulen i Volda:

Kritisk til lukka styreoppnemning

Rektor Johan Roppen ved Høgskulen i Volda kritiserer den lukka oppnemninga frå Kunnskapsdepartementet av eksterne styrerepresentantar ved høgskulane og universiteta.
Nyheter

Det er nettavisa Khrono som omtalar saka. Avisa skriv at departementet i år har oppnemnt 60 representantar til styra ved fem ulike universitet og fem høgskular. I 2015 var prosessen open. I år er prosessen hemmeleg.

- Dei andre styremedlemmane, studentar og tilsette, blir valde i høgst offentlege prosessar, så kvifor skal det vere hemmeleg kven som er foreslått av styra og kven Kunnskapsdepartementet elles foreslår? spør Roppen.

Avdelingsdirektør Rolf Larsen seier dette til avisa:

- På bakgrunn av dei erfaringar vi har gjort denne våren vil vi difor vurdere om det skal gjerast endringar i prosessen knytt til styreoppnemningar i framtida.

For Høgskulen i Volda gjorde departementet to andre val enn det Høgskulen sjølv foreslo.

- Det skjedde visstnok etter framlegg frå foreninga Volda Næringsforum. Ein representant for Næringsforumet tok kontakt med departementet på eige initiativ og foreslo styremedlemmar, noko dei tykte var ein god ide, seier Roppen til Khrono.