No må du vakte sykkelen din vel

Overgangen frå sommarferie til skulestart er høgsesong for sykkeltjuvane

Illustrasjonsfoto Pass på din tohjulte venn  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

August er den månaden kor det stelast flest syklar her i landet. Det visar ei ny analyse frå forsikringsselskapet If. Undersøkinga syner at talet på sykkeltjuveri gjer eit kraftig byks frå juli til august. Aukinga er på heile 30 prosent. Juni er også ein utrygg månad for sykkeleigarane, men august er likevel verst.

– Perioden 19.–26. august peikar seg ut, kanskje ikkje overraskande ettersom dette er rett etter skule- og studiestart og folk flest er tilbake til kvardagen.

Det seier kommunikasjonsrådgivar Sigmund Clementz i If, i ei pressemelding.  

Når syklane takast ut frå sine trygge ferieopphald i garasjar og buer, er det med andre lurt å vere på vakt.

If listar opp disse tiltaka for kva ein bør gjere for å sikre tohjulingen sin så godt som råd:

• Lås sykkelen der det er stor trafikk av folk, ikkje der det nesten aldri er nokon. Fest sykkelen til noko det ikkje går an å flytte.

• Ta med deg eventuelt verdifulle delar når du parkerer. Det gjer sykkelen din mindre attraktiv.

• Bruk enda ein lås om det er praktisk mogeleg. To solide sykkellåsar – gjerne med litt forskjellige system – det gjer at tjuven kanskje må bruke dobbelt så lang tid på sykkel din, med enda større fare for å bli oppdaga. 


Dersom du skulle vere så uheldig å ha fått stolne sykkelen, bør du gjere dette:

• Politimeld tjuveriet der sykkelen blei stole

• Varsle forsikringsselskapet

• Gi det FG-godkjente sykkelregisteret beskjed om at sykkelen er stolen. (Dersom sykkelen ikkje var registrert bør du gjere det no, men du må ha korrekt rammenummer).


Trygg Trafikk bekymret over slurv med sykkelhjelmer

Nordmenn er ikke flinke nok til å bruke sykkelhjelmer. På korte turer droppes den gjerne, men tas på når barna er med. Det liker Trygg Trafikk dårlig.