Glen Børge Løseth Flø gjekk i 2016 til sak mot Ulstein kommune etter at han hevda å ha blitt utsett for omfattande mobbing i grunnskulen.

Kommunen tapte og blei dømd til å betale nærare to millionar kroner i oppreising og erstatning, men anka saka. No skal saka gjennom ei ny runde i retten. Lagmannsretten har sett av fire dagar til saka.

Ifølgje Vikebladet Vestposten har Ulstein kommune kalla inn ei rekkje fleire vitne. Dette gjeld medelevar frå barne- og ungdomsskulen, lærarar og assistentar frå grunnskulen og ein tilsett frå PPT.

– Desse vitna er kalla inn for å støtte kommunen si sak og gjere synlege dei tiltaka kommunen faktisk gjorde desse åra, sa ordførar Knut Erik Engh til Vikebladet før rettssaka.

Før lagmannsrettssaka vart sett i Ålesund tysdag, tok administrator Dag Brathole til orde og spurde partane om det kunne vere aktuelt å kome fram til ei minneleg ordning, melde Vikebladet tysdag morgon. Partane gjekk med på å utsette rettsforhandlingane med ti minutt for å diskutere dette, men sto for langt frå kvarandre.

Smp.no følgjer rettssaka