Kontrakten er på bygging av veg og riggområde nær Lepsøyrevet fyr på Gamlem.

Sunnmørsbedriftene Busengdal Transport og K.A. Aurstad AS har begge landa på rundt 9,8 millionar kroner i sitt anbod.

Klart dyrast er Hønefoss-baserte Contexo, som vil ha 23 millionar kroner for å gjere jobben. Til saman er det seks firma som har levert anbod. 12 entreprenørar møtte opp for synfaring.

- Vi er veldig godt nøgde med konkurransen. No skal vi gå igjennom dokumentasjonen og kontrollrekne alle tilboda før vi vel entreprenør. Planen er å skrive kontrakt i midten av september, seier prosjektleiar Marianne Nærø til vegvesen.no.