Bokmelding: Gunnar Myklebust, Johannes Alme, Webjørn Landmark, Polarstar. Ishavets Grand Old Lady. Selja Forlag

Boka «Polarstar. Ishavets Grand Old Lady» er forfatta av tre personar med tilknyting til ishavsbygda Brandal, Gunnar Myklebust som budde der i barndomen, Johannes Alme og styraren på Ishavsmuseet Webjørn Landmark. Dette er ei bok skriven med kompetanse. I tillegg er det sett inn korte forteljingar frå fangstlivet skrivne av Ragnar Torseth for bladet «Vi Menn» i 1975, og som nok baserer seg på hans opplevingar som fangstmann. Desse glimta gir eit glimrande innblikk i fangstmannslivet, og gjer boka endå meir leseverdig.

Spesialbygd

«Polarstar» er den første spesialbygde ishavsskuta i stål, bygd i Glasgow og sjøsett våren 1948 under namnet «Polarfart». Då nordmennene oppdaga at ordet fart var det same som fis på engelsk, skifte skuta raskt namn til «Polarstar», og den legendariske ishavsskipperen Kristoffer Marø var den første som fekk æra av å vere skipper på denne nye skuta. Han var grunnkjend i ishavet, og det var nok ikkje det han likte best at jomfruturen til denne skuta vart ein tur lasta med frosne blåbær frå Oslo til Grimsby i England. Det skulle vise seg at det store fryserommet og den store frysekapasiteten kom til å gjere denne skuta meir konkurransedyktig som fraktefartøy utanom fangstsesongen.

Aksjon Det er Willy Nesset som har berga skuta frå å bli spikar.

Stor tragedie

Første fangstsesongen fekk «Polarstar» full last, 16.000 dyr, mest ungsel. Skipper Marø konkluderte med at skuta var for svakt spanta, skutesidene vart litt inntrykte av lasten, og det vart retta på når dei kom heim att. Tidleg i 1950-åra vart skuta chartra av Grønlandsk Handel i København for å levere utstyr til radiostasjonane på Grønland. Grønland, Svalbard og Newfoundland vart viktige arbeidsområde for «Polarstar» også utanom fangstsesongane.

Ungdomar som tok seg hyre som fangstfolk kunne tene 6 – 7000 kroner på nokre veker i den beste fangstsesongen. Ikkje rart det var attraktive jobbar for eventyrlysten ungdom. Men risikoen var der. I ulukkesåret 1952 forliste fem skuter i isen, og 79 mann kom bort. Ei tragedie utan like for mange bygder på Sunnmøre.

Snaret den einaste

I 1975 mønstra Liv Skarbakk på som første kvinnelege stuert. Ho vart populær. Mat var viktig for fangstfolka som sleit med 12 til 14 timars arbeidsdagar på isen. Ho skulle lage mat til 20 mann, frukost, varm middag og varm kvelds.

Utover i 1960 og -70-åra vart det aukande motstand mot selfangsten frå internasjonale miljøorganisasjonar, og mange av skutene måtte gi seg. Snart vart også «Polarstar» den einaste skuta att av den stolte ishavsflåten til familien Karlsen på Brandal. I 1970-åra var det lite å gjere også med frakteoppdrag og fleire av mannskapet vart permitterte, men «Polarstar» kunne brukast til så mangt. I ni år var skuta engasjert av Sysselmannen på Svalbard, sju månader kvart år, frå mai og fram til jul.

Etter kvart som det vart avgrensa fangst på isen, vart det meir og meir av frakting av frysevarer som agnsild, svinekjøt og liknande.

Skulle bli sikar

Spesielt var det i 1957 då skuta var fullasta med dynamitt som skulle fraktast frå Halifax og opp St. Lawrence-elva. Det gjorde dei også i 1964. Under lossing då ramla ein sylinder med dynamitt ned i rommet der fire av mannskapet stod. Då vart det stilt, men heldigvis small det ikkje.

Bok «Polarstar - Ishavets Grand Old Lady»

I 1998 var det slutt. Skipskontrollen kravde reparasjonar, og Karlsen-reiarlaget selde skuta til Jan Arve Jøsok og Olav Godø. Planen var nok å selje henne til spikar.

Bjarne Brandal kjøpte skuta og berga henne og gjorde henne sjødyktig, men tapte pengar. Så i 2008 tok Willy Nesset initiativ overfor Riksantikvaren med tanke på vern. Nesset kjøpte skuta og med offentleg hjelp fekk han pussa henne opp og gjort henne til museumsskute for ettertida.

Ære vere han for det!

Harald Kjølås