Ein mann i slutten av tenåra er meld til politiet etter ein fest i Ørsta, natt til søndag.

- På festen, som fann stad i Follestaddalen, skal mannen ha angripe ein annan mann, får smp.no opplyst ved operasjonssentralen til politiet.

- Han som vart angripen vart ikkje vidare skadd, men han som no er meld for kroppskrenking og for å ha forstyrra ro og orden, falt sjølv og slo hovudet og skal også ha fått eit lite kutt der, heiter det.