Dette hevdar 2.kandidat til stortingsvalet for Senterpartiet i Møre og Romsdal, Geir Inge Lien.

Ì dag er han ordførar i Vestnes kommune.

Fredag var han mellom anna i Ørsta – der han har vore fleire gonger før det siste året.

– Ja, vi har jobba svært målretta for å få bygd ut ny vidaregåande skule for praktisk retta fagutdanningar her i Ørsta.

Vertskap var ordførar Stein Aam, som knapt kan få fullrost innsatsen og innstillinga til kandidat Lien:

– Han er ein distriktsforkjempar og politikar av klasse, det har vi sett, proklamerte Aam under valrunden i Ørsta fredag.

Ved eit ekte vegskilje

Eit politisk parti har oftast ei lang rekkje hjartesaker. Ikkje minst ved innspurten i eit valår.

– Valet i år vert eit verdival meir enn nokon gong før. Vi står ved eit vegskilje, bokstaveleg tala, hevda Geir Inge Lien.

Han slo fast at satsing på fylkesvegar må bli den store saka i politikken framover.

– Det nyttar ikkje å byggje fleire nye og flotte stamvegsamband, så lenge fylkesvegnettet står fram som ein standard- og vedlikehaldsmessig katastrofe.

– Det er jo fylkesvegane som står for heile innmatinga til dei store sambanda. Dei utgjer heile 80 prosent av vegnettet, men er likevel så sørgjeleg forsømde, poengterer Lien.

– I dag brukar vi her i fylket kring 70 millionar kroner årleg på desse vegane. Vi må opp i godt over 200 millionar årleg skal det monne, varslar Lien og får full støtte av samferdsleveteranen Kristin Sørheim.

– Med alt eg har sett gjennom mi fartstid som fylkespolitikar, er eg meir overtydd enn nokon gong om at det må satsast mykje tøffare på lokal samferdsle, seier ho.

Ålesund

– Kva inneber dette?

– Det handlar om distriktspolitikk. Då reknar eg med også Ålesund, ikkje minst.

– I dag får berre dei ni største byane i landet statlege midlar til satsing på kollektivtransporten. Vi synest det vil vere heilt naturleg å ta med ein by som Ålesund, med sitt høge innbyggjartal, seier Sørheim.

Ho vil vere med og satse vidare for vegpakken som er planlagt for sunnmørsbyen.

Ørstafjordkryssinga

– Kva anna konkret?

– Vi har varsla at vi går for Voldatunnelen. Som ei naturleg og nødvendig forlenging av denne må vi få på plass kryssing av Ørstafjorden.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

– Det ligg heilt opp i dagen at dette må på plass, men vi i Senterpartiet er dei einaste som har kravd dette heilt konkret, seier Kristin Sørheim.

Omprioriteringar

– Og kva skal vike for den auka fylkessamferdslesatsinga?

– Vi skal framleis kjempe alt som trengst for lokalsjukehuset i Volda. Framleis akuttfunksjon der er enormt viktig.

– Men satsinga på fylkesvegane, med eit fullverdig gang- og sykkelvegnett, skal kome delvis gjennom omprioriteringar.

– I dag vert det satsa altfor tungt på baneutbygging på det sentrale Austlandet, og på storprosjekt som alltid får enorme kostnadssprekkar, hevdar Sørheim.