Venstre-ordfører Alfred Bjørlo i Eid kommune. ARKIVFOTO: ANNE-MARI TOMASGARD
            (Foto: Anne-Mari Tomasgard)

Venstre-ordfører Alfred Bjørlo i Eid kommune. ARKIVFOTO: ANNE-MARI TOMASGARDFoto: Anne-Mari Tomasgard

Venstre-ordførar vil ha partiet i regjering - meiner Rotevatn er heit ministerkandidat

Alfred Bjørlo (V) meiner Venstre no må søkje regjeringsmakt og bli med i ei borgarleg regjering.

– Venstre bør vurdere å gå inn i ei borgarlege regjering for å ha handa på rattet i klima- og miljøpolitikken, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) til Fjordabladet.

Venstre-ordføraren meiner partiet bør søkje makt og innverknad i ei borgarleg regjering leia av Erna Solberg (H).

Og han meiner det er på tide med regjeringsmakt for Venstre, også om det inneber å sitje i regjering saman med Frp.

– Eg trur personleg at det er svært viktig å vere med og ha den daglege styringa. Eg trur ikkje det hadde vore ei dårleg løysing for landet. No er det borgarleg fleirtal, og vi bør alvorleg vurdere å søkje regjeringsmakt, seier Bjørlo til lokalavisa.

Han peikar på at det er krevjande å seie at ein ikkje er ein del av ei regjering, men likevel vere medansvarleg for politikken slik ein har vore den siste fireårsperioden.

På spørsmål om Bjørlo ser seg sjølv som del av ei borgarleg regjering er svaret likevel nei:

– Eg trur ikkje at eg er heilt i favorittsjiktet. Eg trur heller at Sveinung Rotevatn er ein heit kandidat, seier Bjørlo – og karakteriserer Sogn og Fjordane Venstre sin listetopp som ein dyktig og kunnskapsrik allrounder som kan bekle det meste, frå nærings- og klimapolitikk til sosialpolitikk og utanriks.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå