Sveinung Rotevatn under Venstres landsmøte i Ålesund. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sveinung Rotevatn under Venstres landsmøte i Ålesund. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Innser at slaget er tapt

Sveinung Rotevatn håpa på det lengste på å få utjamnningsmandatet i Sogn og Fjordane. No vedgår han valnederlaget.

Med 99,8 prosent av stemmane i Sogn og Fjordane talt opp, er det KrF som får det siste mandatet frå fylket. Det går til Tore Storehaug.

Dermed blir det ikkje ein ny periode på Stortinget for den profilerte Venstre-politikaren frå Nordfjordeid.  Det var NRK Sogn og Fjordane som melde om saka.

– For meg personleg er dette sjølvsagt skuffande. Eg var verkeleg motivert for fire nye år, og eg følte eg hadde meir å gi, skriv Rotevatn på Facebook.

– Samstundes visste eg heile tida at utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane var svært utsatt. Førre val vart det stang inn. Denne gongen vart det diverre stang ut, skriv han vidare.


Venstre-ordførar vil ha partiet i regjering - meiner Rotevatn er heit ministerkandidat

Alfred Bjørlo (V) meiner Venstre no må søkje regjeringsmakt og bli med i ei borgarleg regjering.



Slik blir det nye Stortinget

Tirsdag sendte fintellingen kandidater inn og ut av Stortinget, men nå later det meste til å være klart. Valgdeltakelsen ser ut til å ende på 77,7 prosent.

 

Ikkje ordentleg lei seg

Rotevatn klarer likevel ikkje å vere ordentleg lei seg over valet.

– For eg har vore med på eit lag som har klart å løfte Venstre over 4-prosentgrensa to gonger på rad for første gong sidan 1969. Og partiet mitt er framleis representert på Stortinget med ei solid gruppe, som kjem til å vere i ein viktig maktposisjon dei neste åra, skriv han.

Skal skrive master

Den unge politikaren vil no ta seg nokre dagar fri. Deretter vil han hive seg rundt og skrive ferdig masteroppgåva i rettsvitskap, skriv han.


Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå