– Vi har lagt dette bak oss no. Vi er opptekne av bygda og håpar hotellet blir bygd opp igjen. Selje har behov for eit hotell, seier Gerd Kjellaug Berge.

Torsdag vitna ho og ektemannen Harald Berge i straffesaka mot brørne som er tiltalt for å ha sett fyr på hotellet ekteparet Berge eigde og dreiv i fleire tiår.

Ikkje noko negativt

Harald Berge fortalde i retten at arbeidet med å få selt hotellet då dei blei pensjonistar. Dei tok kontakt med meklar som skulle ta seg av det vidare salet.

– Det melde seg ganske mange interessentar, men etter å ha sortert ut sat han igjen med ein handfull aktuelle, fortalde han.

Så melde brørne frå Sverige seg. Meklaren gjorde etter Berge sitt syn godt arbeid og fann ut at brørne hadde god erfaring frå restaurant og hotell.

– Det blei ikkje funne noko negativt i undersøkingar som blei gjort. Vi hadde tiltru til det som blei sagt, sa Harald Berge.

I forretningsplanen for korleis hotellet skulle drivast, såg ein på korleis ein skulle kutte kostnadene ved hotellet som hadde slite siste åra. Ifølgje Berge handla eitt av punkta om å kutte personalkostnader.

– Planen såg realistisk ut, sidan dei skulle flytte hit. Dei skulle selje alt dei hadde i Stockholm og bruke pengane til å ruste opp hotell, mintest Berge som var tydelege på at det var den mellomste av dei no tiltalte brørne (39), som var den som bestemte.

Dei nye eigarane skulle betale fire millionar kroner for hotellet. Dei to siste millionane skulle betalast etter ein fast plan, men etter nokre månader begynte betalingsproblema.

– Dei klappa meg på skuldra og sa det var hundre prosent sikkert at vi skulle få pengane, fortalde Gerd Kjellaug Berge og la til at ho nok var meir utolmodig enn mannen som meinte at dei først måtte velje å tru på lovnaden frå brørne.

Betalingane til Berge kom frå kontoen til Selje hotel.

– Dei nye eigarane skulle nesten ikkje ta ut løn sjølve, og summane til vår konto blei ført som løn i hotellet sin rekneskap, sa Berge som hugsa diskusjonar med rekneskapsførar og revisor om korleis det på lovleg måte kunne gjerast.

Pengane var førte som lønskostnader og blei skatta med arbeidsgivaravgift og vanleg skatt i rekneskapen, så Berge kunne ikkje sjå at det var noko ulovleg i dette, sa Berge som såg at dei nye eigarane stod på og jobba, og Berge var opptekne av at dei skulle lukkast.