– Norskekysten er eit av dei beste områda i verda for bølgjekraft. Her er mykje energi i bølgjene. Og det er eit miljø rundt som kan drifte og vedlikehalde bølgjekraftverk, sa Jonas Kamp i Waves4Power på konferansen i Fosnavåg.

Vestkysten av Sør-Amerika og vestkysten av Australia har ikkje akkurat same infrastruktur.

– Vi vil gjere det i Norge. De har skipsverft. De har kunnskap. Og eg trur de har gutsen, sa Kamp.

Han ser for seg tusenvis av bøyer i drift på sikt. Første kunden har allereie signert, oppdrettsselskapet Salmonor i Nord-Trøndelag.

Bøya på Runde levererer 250.000 kilowatt-timar i året, ifølgje Ulf Lindelöf i Waves4Power.

Så langt kan dei ikkje love anna enn at prisen er billegare enn diesel, det vil seie billegare enn enn kroner 3,50 per kilowatt-time.

– Men det vil gå dramatisk ned i åra som kjem, seier Lindelöf til Sunnmørsposten.

Testanlegget for bølgekraft utanfor Runde. Illustrasjon: Waves4Power