– Det var langt, langt ut, og i retning Runde, fortel Iver Sakarias Haagensen Skrede (12).

Saman med familien er han laurdag kveld på overnattingstur 500 meter over havet, og med fantastisk utsikt ut over havet. Rundt klokka ti over åtte såg dei brått noko merkeleg i retning Runde.

– Det kom til syne samtidig med at sola gjekk ned, fortel Iver Sakarias.

– Det såg ut som ein raud ballong som var opp ned, og som dalte nedover. Det så ut som ei eldkule, og det var svart røyk rundt og over. Så byrja kula å sprekke opp og blei smalare og smalare, og røyken skifta retning, fortel Iver Sakarias og tanta hans, Yvonne Haagensen.

Yvonne anslår at det heile tok 10-15 minutt. Men også etter dette dalte røyken sakte men sikkert nedover mot havet og fekk etter kvart form som ei sky.

Dei har ikkje peiling på kva det kan vere men foreslår blant anna meteor og satellitt.

Det finst også eit sjeldan fenomen som heiter kulelyn. Men meteorolog Kristin Seter ved Vervarslinga på Vestlandet er temmeleg sikkert på at det som familien på overnattingstur såg ikkje er eit kulelyn. Ho foreslår at det kan ha vore ein meteor.

– Ein meteor bruker litt tid på å ramle igjennom atmosfæren. Dermed kan den vere synleg lenge, seier Seter, og understreker at ho ikkje veit kva det kan ha vore.

Såg du fenomenet? Kva trur du det kan vere?