– Det var langt, langt ut, og i retning Runde, fortalde Iver Sakarias Haagensen Skrede (12) laurdag kveld.

Saman med familien hadde han fantastisk utsikt ut over havet denne vakre laurdagskvelden då dei oppdaga noko dei stussa over.

Som ei eldkule

– Det kom til syne samtidig med at sola gjekk ned. Det såg ut som ein raud ballong som var opp ned, og som dalte nedover. Det så ut som ei eldkule, og det var svart røyk rundt og over. Så byrja kula å sprekke opp og blei smalare og smalare, og røyken skifta retning, fortalde Haagensen Skrede. Han trur det heile tok 10-15 minutt. Kanskje det er ein meteor eller ein satellitt, spør han.

Etter kort tid var det fleire som foreslo på Sunnmørspostens facebook-side at det var Airbus sitt fly på veg frå Dubai til New York.

Garantert eit fly

Tor E. Aslesen i Norsk meteornettverk slår fast at det var eit fly.

– Det kan ha vore eit militært fly som ikkje viser på Flightradar, men mest truleg er det eit rutefly i stor høgde, seier Aslesen.

Meteorar er berre muleg å sjå om natta, seier han.

– Ei meteorstripe varer i nokre sekund, i enkelte tilfelle i nokre minutt. Den er så lyssvak at den kan sjåast berre om natta, seier Aslesen. – Du vil normalt heller ikkje sjå spor av meteorar under vanleg skydekke, eller under 20 kilometers høgde, legg han til.

– Og ser du noko om dagen, så merkast det definitivt på andre måtar også, då vil folk høyre ein smell, seier Aslesen.

Her kan du følgje flytrafikken på Flightradar

Lyset blir forsterka

«Eldkula» kom til syne samtidig med at sola gjekk ned, og var i omtrent same retning.

– At det såg ut som ei eldkule, er eit fenomen som oppstod fordi flyet kom framfor sola i lav vinkel. Då oppstår det ei forsterking av lyset, seier Aslesen.

I januar høyrdest det ut som dynamitt då ein verkeleg meteor eksploderte over Sør-Norge.