– Så i dag vil eg seie som bestemor mi brukte, at eg er «himlande glad».

69-åringen er pensjonist no, men har vore mykje – både ordførar i Haram, fylkespolitikar, leiar i samferdsleavdelinga og styreleiar i Nordøyvegen AS.

Sambandet består av fleire bruer og undersjøiske tunnelar, kjem på nærare 3,9 milliardar kroner – og skal stå ferdig i 2023.

Våkenetter

Oddbjørn Vatne har eit avslappa forhold til å bli kalla Mr. Nordøyvegen, men vedgår at det har vore ein stor del av livet hans dei siste 20 åra:

SANG Borna ved Søvik skule framførte Anna og Vildes «Vestlandet».

– Det har blitt nokre våkenetter, ja. For det har hendt at eg har teke med meg reknestykka i senga når det har dukka opp nye hinder. Så har eg lege der og rekna på nye løysingar og lurt på kva vi no skulle gjere.

Talarane stod i kø denne store dagen. Mange hadde møtt fram, mellom dei over hundre elevar frå Søvik skule som song Vilde og Annas «Vestlandet», med den høgaktuelle teksta:

«Over eit fjell

gjennom ein tunnel

over ei bru, ja der bur du.

Håper du veit kor heldig du e

du bur på Vestlandet»

Det var desse syngande barna som fekk fylkespolitikar Frank Sve (Frp) til å minne forsamlinga om at det er først og fremst for desse barna, framtida, at vegsambandet blir bygd.

Begynner måndag

Det er kanskje lenge å vente på den nye vegen, men Marianne Nærø, prosjektleiar i Statens vegvesen, fortel at arbeidet med forskjeringane tek til på Skjelten allereie måndag.

KRUMSPRING Kristin Sørheim, leiar i samferdsleutvalet, tok så hardt i då ho skulle sette første spadetak i jorda, at ho hamna på baken.

I løpet av oktober er dei også i gang på Haramsøya, Skuløy/Flemsøy – og på Harøya.

Utvalsleiar Kristin Sørheim (Sp) fekk æra av å ta første spadetak. Og det gjorde ho med ein slik innsats at ho enda på baken.

Før det rakk ho å gje ros til dei som betale prosjektet, slik som trafikantane, næringslivet, kommunar og fylkeskommune.