FLAUM: Ordførar Arne Sandnes er redd for flaumskadar i Valldal.
(Foto: Terje Engås)

FLAUM: Ordførar Arne Sandnes er redd for flaumskadar i Valldal. Foto: Terje Engås

Fryktar flaum i Valldal

Ein ulovleg bygd veg har endra løpet i elva Valldøla i Norddal, noko som gjer at ordførar Arne Sandnes (Sp) fryktar flaum og store skadar.

Det melder NRK Møre og Romsdal.

– Eg fryktar at barnehagen og eldreinstitusjonar som er plasserte på motsett side av elva kan bli truga dersom elva fløymer opp, seier Sandnes til NRK.

Dei legg til at i sommar var ein delegasjon frå Fylkesmannen og kommunen på synfaring ved elva for å sjå på utbygginga. Då fastslo Fylkesmannen at tiltaket i det verna vassdraget var ulovleg, fordi det ikkje var behandla etter plan- og bygningslova. Norddal kommune fekk også kritikk for ikkje å ha gripe inn.

Ordførar Arne Sandnes kritiserer på si side NVE for ikkje å ha kartlagt flaumfaren.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå