Både Kaja Rode (19) frå Ulsteinvik og Andrea Santiago Stønjum (16) frå Måløy er vidare i musikkonkurransen The Voice på TV2.

Rode bur no i Nesodden, men er frå Ulsteinvik og tidlegare elev ved musikklinja ved Volda vidaregåande skule.

I songkonkurransen fredag framførte ho Beatles-klassikaren «Golden Slumbers/Carry That Weight» til toppkarakter, ifølgje TV2.no.

Ein av mentorane uttalte også at ho er ei av dei aller sterkaste i konkurransen.

Andrea frå Måløy song Katy Perry-låten «Chained to the Rhythm». Dommarane meiner ho alltid leverer vokalt, og no fekk ho også skryt for dans.

Også Elise Nærø frå Fosnavåg og Karina Pieroth frå Ulsteinvik er med vidare og skal i elden komande fredag. Då vil mentorane stå att med fire deltakarar kvar og halde fram med å kåre Norges beste stemme.