Rekordmange Studiedirektør Gonnie Smit (til venstre) og direktør Karen Lomeland Jacobsen ved Høgskulen i Volda har teke mot rekordmange studentar denne hausten.
            (Foto: Tone Solhaug, Høgskulen i Volda.)

Rekordmange Studiedirektør Gonnie Smit (til venstre) og direktør Karen Lomeland Jacobsen ved Høgskulen i Volda har teke mot rekordmange studentar denne hausten.Foto: Tone Solhaug, Høgskulen i Volda.

Ny rekord for Høgskulen i Volda

Aldri før har Høgskulen i Volda hatt så mange studentar. Den nye rekorden er på 4.184 studentar– om lag ni prosent fleire enn i 2016.

Studiedirektør Gonnie Smit og direktør Karen Lomeland Jacobsen er jublande glade over det høge talet studentar, melder høgskulen på nettsida si.

– Høgskulen i Volda har aldri tidlegare hatt over 4.000 studentar, så dette er ein merkedag, seier Gonni Smit.

Vidareutdanning for skule og media

Studenttalet er høgare enn venta. Og det er framgang stort sett på alle avdelingar og studium. Ei viktig årsak er at det er spesielt mange studentar på vidare- og etterutdanningskurs for lærar og for tilsette i mediebransjen.

Først etter at desse tilboda kom skikkeleg i gang vart det klart kor mange studentar som faktisk tek desse studia. Dette er forklaringa på at ein først no har klart talet på studentar.

Relevante utdanningar

Direktør Karen Lomeland Jacobsen seier det er kjekt og viktig for høgskulen å få slike hygglige tal på bordet.

– Mange studentar viser at vi har gode og relevante utdanningar for studentar i regionen og resten av landet. Men Møre og Romsdal fylke er framleis eit fylke med eit lågt utdanningsnivå i høve til resten av landet, så vi har mykje å gå på, seier Jacobsen til nettsida.

Mange på masternivå

Det er om lag 600 masterstudentar ved høgskulen, også dette er rekordmange. Høgskulen har cirka 250 internasjonale studentar. 

Dei fleste studentane bur på hybel i Volda og får undervisning på høgskulen. Men det er fleire andre måtar å studere på. Mange dagpendlar frå nabokommunane, og nokre er nettstudentar og ikkje innom skulen i det heile.



Hundrevis møtte fram til opninga av årets studieår

Studentane på plass i Volda

I ei tid med «fake news» er faga ved Høgskulen i Volda viktigare enn nokon gong, sa rektor Johann Roppen då han ønskte hundrevis av studentar velkomne til eit nytt studieår.



Færre studenter har søkt Ålesund

Færre studenter har Ålesund som sitt førstevalg. Volda øker, rekord i Molde.



300 står på venteliste til lærarutdanning

Høgskulen i Volda har rekordsøking til praktisk pedagogisk utdanning i år, med 400 søkjarar til 100 plassar.

 
Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå