– Eg samlar på alt som har med Den Norske Amerikaline å gjere: kort, foto, passasjerlister, rutetabellar – ja, alt mogleg.

Det fortel Arve Innselset frå Volda. Han var ein av dei som nytta laurdagen til å besøke samlarmessa som Søre Sunnmøre Filateli- og Samlarklubb arrangerte.

På andre sida av bordet sit klubbleiar Oddgeir Strømme. Han er heile tida på jakt etter kort som fotograf Lystad gav ut. Det vart seks nye kort til samlinga hans denne dagen, også.

I tillegg har han teke med seg ein bunke teikneseriar og Hardygutane-bøker som han vil selje.

På nabobordet sit Jan Olav Ose frå Volda og Aage Halkjelsvik frå Ørsta. Dei saumfer kasser med brev og kort som Eva og Lars Muribø har teke med seg frå Valldal.

– Eg er på utkik etter kort frå Volda, og Lystad-kort, forklarer Ose.

– Og eg samlar på poststempel frå heile Sunnmøre, og gjerne også eit kort frå kvar stad i tillegg, seier Aage Halkjelsvik.