Test kan skremme barn

Åknes/Tafjord Beredskap (ÅTB) skal tysdag 31. oktober teste varslingssystema, som er ein del av fjellskredberedskapen til kommunane.

TRUGAR: Dette fjellpartiet trugar med å rase ut i fjorden. ARKIVFOTO  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Då kjem mellom anna sireneanlegga i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog til å hyle. Dessutan kjem det varsling på telefonen til alle i kommunane Stranda og Norddal. Dette kan gjere barna redde.

– Vi oppfordrar spesielt til å informere barna om denne testen på førehand. Mange unge har eigne mobiltelefonar. Lyden frå sirenene kan virke skremmande, sjølv om det vil bli tydeleg poengtert at dette er ein test, skriv ÅTB i ei pressemelding.


Åknes Tafjord styrkar varslinga av monsterbølga – no kjem Sykkylven også med

Tyfonar i alle bygder

Denne hausten skal det settast opp sju tyfonar i bygdene i Sykkylven som skal varsle når monsterbølga frå Åkerneset kjem.


Dei strekar også under at det ikkje er noko endring i bevegelsane i fjella, og at geologane vil kunne varsle i god tid før eit eventuelt ras blir utløyst.