Søre Sunnmøre tingrett har funne mannen i 70-åra skuldig i seksuelt overgrep mot ein ung gut i fjor haust.

Han er dømd til fem månader i fengsel og må betale 40.000 kroner i oppreisingserstatning til guten.

Les også: Betalte for sex med mindreårige - føler seg lurt av ungdommar

Kan klandrast for ukunne

Til frådrag i fengselsstraffa går tre dagar i varetekt i samband med at mannen blei pågripen.

Mannen møtte måndag denne veka i Søre Sunnmøre tingrett, der han vedgjekk dei faktiske forholda, men nekta for å ha gjort noko gale fordi han trudde guten var 18 år.

Forsvararen la ned påstand om frifinning. Mannen hevda han var blitt lurt til å tru at guten var 18 år, men tingretten meiner mannen må klandrast for si eventuelle ukunne.

Skubba ansvar over på offer

I dommen går det fram at mannen avtalte eit treff med to ungdommar gjennom ein nettstad. Dei avtalte at dei skulle treffast og ha seksuell omgang mot betaling.

Mannen betalte 750 kroner til guten, og retten finn det straffeskjerpande at det seksuelle overgrepet skjedde mot betaling.

Han har fått ein viss strafferabatt for tilståing, men retten merka seg at han ikkje erkjende straffskuld og skubba mykje av ansvaret over på den krenkte. Og det er lagt vekt på at mannen ikkje synast å ta inn over seg alvoret i lovbrotet, men meiner at han sjølv er det moralske offeret i saka.