MF «Os».
            (Foto: Jan-Inge Lillebø )

MF «Os».Foto: Jan-Inge Lillebø

Ei ferje på Skjeltene - Lepsøya - Haramsøya

Først på fredag morgon er det to ferjer i sambandet til Nordøyane, om alt går som Norled håper. Onsdag ettermiddag er det forseinking i ruta på grunn av den reduserte kapasiteten.

I sambandet Skjelten - Lepsøya - Haramsøya er det forseinking i ruta onsdag ettermiddag. Årsaka er at det er berre ei ferje som går.

MF «Os» er ute av drift, og reserveferja MF «Tingvoll» ligg i Kristiansund. Vêret har ikkje gjort det mogleg å krysse Hustadvika, men Norled håper dette skal vere mogleg torsdag.

– Det er eit vindauge på dagen i morgon. Det betyr at reserveferja ikkje er på plass før på kvelden, seier regionssjef Inge Andre Utåker i Norled til Sunnmørsposten. Kapasiteten på reserveferja skal vere den same, 50 personbilar.

Utfordringar med motoren

Fleire gonger dei siste dagane har MF «Os» hatt tekniske problem, og tysdag morgon vart ferja tatt ut av drift. MF «Austevoll» trafikkerte avgangane i B-ruta før den vart flytta over til A-rutetabellen tysdag kveld.

– Det har vore veldig lite klager på dette, og vi takkar for det tolmodet, seier regionssjef Utåker.

Også torsdag blir det ekstra tur frå Skjelten klokka 11.20, Lepsøya 11.40 og Haramsøya 12.00.

Det skal vere utfordringar knytt til maskinen på MF «Os» som er grunnen til at den er ute av drift.

Oppdatering torsdag ettermiddag: Reserveferja ligg no ved kai i Brattvåg.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Milliardprosjekt i Torvik får igjen utsett byggefrist

– Trenerer totalt for andre som vil utvikle noko her

– Eg likar ikkje å klage. Men det er påfallande at ei bedrift får halde det gåande i nærare tolv år utan å byggje noko som helst.

Ylva ruller inn over Nord-Norge

Meteorologisk institutt har utstedt ekstremværvarsel for stormen Ylva i Nord-Norge. Meldingen om uværets første skader kom tidlig torsdag. 

Politiloggen:

Mista førarkortet

Ein bilførar er fråteken førarkortet og politimeld etter å ha køyrt for fort i Skorgedalen i Vestnes.